Helse- og oppvekstfag
Kva?
Sygna tilbyr det yrkesfaglege utdanningsprogrammet VG1 helse - og oppvekstfag med høve til å gå vidare på VG2 helsearbeidarfag eller VG2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Etter VG2 kan du ta Påbygging til generell studiekompetanse på Sygna eller du kan søkje om læreplass.
Kvifor?
Vel du å gå på Sygna får du det beste grunnlaget for å ta steget vidare ut i arbeidslivet eller vidare utdanning ved høgskule/universitet, der du kan utdanne deg i fleire ulike retningar. Tek du to år med yrkesfagleg opplæring på Sygna kan du blant anna bli helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. Tek du høgare utdanning kan du mellom anna velje å bli sjukepleiar, vernepleiar, lærarar eller barnehagelærar.
Vi har eit tett samarbeid med helsetunet i Balestrand der vi besøker og lagar aktivitetar for dei eldre som bur ved Balestrand Helsetun. Vi har også eit godt samarbeid med Sagatun skule, der vi er inne i ein klasse nokre timar for veka og testar ut det vi lærer i timane på Sygna. Prosjekt til fordjuping er eit fag der du skal sjå nærare på eit yrke innanfor helse og oppvekst. Her ligg det inne to praksisperiodar kvart skuleår der du kan ha praksisen på ein arbeidsplass i din heimkommune.
Vi har dyktige og engasjerte lærarar som gjennom undervisninga gjev deg kompetanse om helsefremjande arbeid, livsstilsjukdomar, skader og lidingar, om barn og unge si utvikling, om kost, ernæring og hygiene og om kommunikasjon og sosial kompetanse.
Kvar dag jobbar vi etter følgjande visjon: «Det beste for eleven...alltid».
Fag
Fellesfag: Norsk, naturfag, matematikk, engelsk, kroppsøving, kristendom og samfunnsfag.
Programfag: Kommunikasjon og samhandling, helsefremjande arbeid, yrkesutøving og yrkesfagleg fordjuping.