Kunst, design og arkitektur
Kva?
På Sygna vidaregåande skule har vi Kunst, design og arkitektur der du kan utforske og boltre deg i fleire ulike kreative sjangrar.
Kvifor?
Tre år på KDA gir deg eit godt grunnlag for å ta steget vidare til høgskular eller universitet, der du kan utdanne deg i fleire ulike retningar. Tek du høgare utdanning kan du blant anna bli arkitekt, landskapsarkitekt, interiørarkitekt, produktdesigner, industridesigner, grafisk designer, kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar.
Vi har dyktige og engasjerte lærarar som underviser i kunst, design og arkitektur. Du får blant anna opplæring i ulike teikne- og måleteknikkar, illustrasjon, animasjon, storyboard, skulptur, grafisk design, trykk og foto, samt mixed media, som er ei blanding av teknikkar i material inspirert av ulike periodar i kunsthistoria.
Vi har også eit tett samarbeid med Kunstbygda Balestrand, mellom anna gjennom kunstutstillingar. Elevanepå kunst, design og arkitektur har i Vg2 ein studietur, dei siste åra har turen gått til Roma for å oppleve europeisk kunst og historie på nært hald.
Fag
Fellesfag: Norsk, engelsk, matematikk (praktisk eller teoretisk), naturfag, spansk 1 og 2, kristendom, kroppsøving, samfunnsfag, geografi, historie, religion og etikk.
Felles programfag: Kunst og visuelle virkemiddel, design og arkitektur.
Valfrie programfag: Matematikk R1 og R2, engelsk 1, kristendom, sosialkunnskap, breddeidrett og toppidrett – fotball