Påbygging til generell studiekompetanse
Kva?
Sygna tilbyr VG3 påbygging for deg som ønskjer generell studiekompetanse. Du kan ta påbygging til studiekompetanse etter fullført Vg2 yrkesfag, yrkeskompetanse eller fag- og svennebrev. Påbygging gir deg dei faga du manglar for å få studiekompetanse.
Kvifor?
Vel du å ta tre år her på Sygna gjev deg det beste grunnlaget for å ta steget vidare til høgskular eller universitet, der du kan utdanna deg i fleire ulike retningar. Tek du høgare utdanning kan det gje deg utdanning som til dømes sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, lærarar eller barnehagelærar.
Vi har dyktige og engasjerte lærarar som underviser i faga du treng for å få generell studiekompetanse.
Vi jobbar kvar dag etter følgjande visjon: «Det beste for eleven...alltid». Undervisninga på Sygna er kjent for at det er tett kontakt mellom elev og lærar, slik at eleven i arbeidet med faget kan testa si faglege forståing og utvikling mot læraren si undervisning og rettleiing. På Sygna har vi eit aktivt pedagogisk miljø som alltid er på leit etter måtar undervisninga kan bli betre på. Du vert på Sygna ein del av eit trygt fellesskap og det er kort veg til fjord, fjell, fotballbane, idrettshall, skytebane, turstiar m.m.
Fag
Fellesfag: Norsk, matematikk, naturfag, historie, kristendom og kroppsøving.
Programfag: Matematikk R1, engelsk 1 og sosiologi og sosialantropologi.