Idrettsfag
Kva?
På Sygna vidaregåande skule har vi idrettsfag der du kan velje mellom breiddeidrett (volleyball, kajakk, badminton, skyting, slalom, klatring) eller toppidrett (fotball)
Korleis?
Idrettsfag er eit godt val for deg som er glad i å trene og vere i aktivitet. Etter tre år på idrettsfag vil du få generell studiekompetanse, men også mange nye opplevingar gjennom trening, aktivitet og turar. Du vert ein del av eit trygt fellesskap med folk som har same interesser som deg og det er kort veg til fjord, fjell, fotballbane, idrettshall, skytebane, turstiar m.m. På idrettsfag kan du kombinere praktiske og teoretiske fag. Engasjerte lærarar gjer også alt dei kan for at du skal få tre gode år på Sygna. Ein kvardag som elev på idrettsfag på Sygna er variert og innhaldsrik.
Utdanninga er relevant for fleire yrke. Med generell studiekompetanse kan du til dømes utdanne deg vidare til fysioterapeut, personleg trenar, idrettspsykolog, sjukepleiar, lærar og politi.
Planlagde turar framover: (kan bli endringar)
· Ei vekes treningsleir til Spania
· Vintersportveke med alpint, ishockey, curling og anna vintersport
· Tre dagars kajakktur til vakre Solund
· Surfetur til Stadt
· Friluftslivsturar på haust og vår og snøholetur siste året
· Fleire dagsturar
Fag
Fellesfag:
Norsk, engelsk, matematikk (praktisk eller teoretisk), naturfag, spansk 1 og 2, kristendom, samfunnsfag, geografi, historie, religion og etikk.
Felles programfag: Idrett og samfunn, aktivitetslære, treningslære og treningsleiing.
Valfrie programfag: Fotball (toppidrett), breddeidrett, matematikk R1 og R2, engelsk1, kristendom og sosialkunnskap.
Fotball (toppidrett):
Faget er for deg som like fotball .
I faget vert det lagt til rette for at du skal kunne utvikle deg i eit godt treningsmiljø saman med medelevar.
Ei normal treningsveke ser slik ut: Måndagar og torsdagar er det trening på ettermiddagstid. Tysdagar i skuletida. I sesong kjem kampar i tillegg. (Den eine ettermiddagsøkta vert rekna som to skuletimar. Dette gjer til at elevar som går andre utdanningsprogram på Sygna kan velje fotball)
Du må spele aktivt på eit lag for å kunne velje dette faget. Vi legg til rette med overgang til Balestrand IL når du kjem til Sygna og Balestrand. Ynskjer du å gå fotball og på same tid spele kampar for heimeklubben din, legg vi tilrette for det.
Lagkabalen for 2022-sesongen er ikkje endeleg bestemt enno, men det kan sjå slik ut:
G15/17-lag og senior herre, 6.div
J15/17-lag eller seinor dame, 3.div
Breddeidrett er:
faget for deg som er glad i variert og allsidig trening og ulike idrettar
idrett, trening, glede og mestring i trygge rammer og i eit positivt fellesskap
ulike idrettar som volleyball, badminton, softball, rugby... (Volleyball og badminton er to av idrettane vi bruke mest tid på i faget)
periodar med vald fordjupingsidrett. Dette kan vere skyting, klatring, havkajakk, ski (alpint eller langrenn).