– Det er første gongen eg er her

Helge Eilifsen, Anne Karin S. Sjøthun, Kari Lundheim Bjåstad og Olga Jorddal fekk grundig omvisning på kjøkkenet av Are Bollingberg.

Sygna inviterte bygda. For Kari Lundheim Bjåstad var det første gongen ho sette sin fot inn i matsalen på Sygna.

– Eg veit ikkje heilt kvifor det har blitt slik, men det har aldri passa seg å stikka innom, seier Kari Lundheim Bjåstad. Ho har budd i Balestrand i 45 år, og har ikkje lange vegen frå sjøtomten sin ved Esefjorden og opp til skulebygget på Kreklingen.

Positivt

Men tysdag greip ho sjansen som baud seg. Sygna inviterte nemleg bygda på kaffi, kake, sightseeing rundt om på nytt kjøkken, spisesal, internatt og skulebygg. I tillegg serverte Sygna også eit lite program med ord for dagen, filmsnutt, song og litt faktabaserte opplysingar om skulen. Vel 30 balestrendingar valde å setja av ettermiddagen i godt lag.

– Veldig kjekt å få vere med på denne omvisinga. Eg tykkjer det er flott at vi har Sygna i Balestrand. Utan dei hadde det vore stilt i bygda, slår Kari Lundheim Bjåstad, fast.

Asbjørn Ekse svinga innom Sygna, og likte det han såg. – Pengane vi samla inn i Eksingedalen for 40 år sidan har blitt brukt godt, konkluderer han.

Overraska

Dei fleste av dei frammøtte har vore innom Sygna ved fleire høve, men også Asbjørn Ekse var i same båt som Kari Lundheim Bjåstad. Han er tilflyttar til bygda, og hadde ikkje venta å finna Sygna i si nye heimbygd.

– Eg kjem frå Eksingedalen og var med på innsamlingsaksjonen den gongen Sygna skulle etablerast for snart 40 år sidan. Me samla inn pengar og sende dei til Kristiansand der hovudsete for innsamlingsaksjonen sat. Eg tenkte ikkje meir over det, og trudde skulen vart etablert i den delen av landet. Eg vart difor overraska då det gjekk opp for meg at Sygna var her i Balestrand, smiler 67-åringen.

Han er glad for at skulen er i bygda, og meiner den spelar ei viktig rolle no når mange vindar blæs hardt mot byane.

– Det er bra at det kjem ungdomar hit for å ta utdanning. Det skaper liv i bygda, seier Asbjørn Ekse.

Samarbeid

Fungerande rektor, Frode Bøthun, la i si innleiing vekt på at Sygna og andre aktørar i bygda samarbeider godt på fleire plan. Han viste til at lokalbutikken Joker stod for kaffimaten på samlinga.

– Det er fleire døme på at bygdefolket stiller opp for Sygna. Vi får både utstyr,, pengar, eple, plomme, poteter, blomar og folk stiller velvillig opp på dugnad. Dette set vi stor pris på. For å takka for dette og visa fram skulen vår, tenkte vi at det kunne vere lurt å invitere bygda til ei slik samling. Kanskje kan vi få til dette som ein årleg tradisjon, sa Bøthun, som hausta mange nikk rundt borda for den kommentaren.

Denne trioen song vakkert til dei frammøtte.

Sygna har brukt 12 millionar kroner på nytt kjøkken. Tysdag fekk balestrendingane ei omvisning.

Forrige
Forrige

Velkommen på Vision denne helga

Neste
Neste

Ein liten smakebit