– Det viktigaste er engasjementet
Utviklingsministeren er imponert over det russen på Sygna gjer for dei som treng det mest.
Denne veka svinga KrF-minister Dag Inge Ulstein og deler av partiapparatet innom Sygna vidergåande skule. Karen Emilie Jonasmo og Andrè Høberg, prosjektansvarlege hjå russen, gav utviklingsministeren ei grundig innføring i kva årets russeprosjekt går ut på.
Mongolia
Russen har valt å yta ein ekstra innsats inn mot eit prosjekt som NLM har hand om i Mongolia.
– Målet for prosjektet er å bidra til at livsvilkåra for barn med funksjonsnedsetjing og familiane deira blir betra, og at rettane blir respekterte og verna om, forklarte Karen Emilie Jonasmo og Andrè Høberg.
Meir om prosjektet finn du her:
Imponerande
Det er imponerande summar russen på Sygna samlar inn kvart skuleår. Du kan lett få prestasjonsangst av mindre, men årets russekull er klare til å krumma nakken.
– Vi skal blant anna samle inn pengar gjennom misjonsløp, loppemarknad, russekiosk, konsert og dugnadsarbeid hjå bedrifter i bygda, fortalde Karen Emilie Jonasmo og Andrè Høberg. Duoen skal i løpet av hausten setja kursen til Asia for å gjera seg betre kjende med Mongolia og prosjektet dei skal støtte.
– Det å samle inn pengar til menneske som treng hjelp, gjer noko med oss sjølve. Vi gler oss veldig til å setja i gang for fullt med dette prosjektet.
Finst ikkje maken
Stasråden nytta høvet til å takka russen for innsatsen.
– Eg skal innom skulane Sygna, Tryggheim og Kongshaug på få dagar, og ved alle skulane vert det kvart år samla inn vanvittige summar til utviklingsarbeid. Eg trur ikkje det finst maken, sa ministeren, som understreka følgjande:
– Det er fint med høge innsamlingstal, men det viktigaste er engasjementet. De er utruleg flotte førebilete, og tenk kva dette betyr for dei de no skal hjelpe.
Framgang, men...
Utviklingsministeren peika på at verda faktisk er ein betre stad å vere i dag enn for 10-15 år sidan. Levealderen har gått opp og tal ekstremt fattige er halvert. Sjølv om det kjem seg, er det likevel ein formidabel jobb som ligg framfor oss.
– Det er 800 millionar som i dag lever er i ekstrem fattigdom, det er 800 millionar menneske med funksjonsnedsetjing berre i utviklingsland og det 800 millionar menneske som kvar dag går svoltne. Det er difor ein god grunn for å gjere nettopp det russen her på Sygna no gjer, seier Dag Inge Ulstein.