Å snakke sant om liv og tru
Rett før påske starta dei fire yngste damene i personalet, Karen Emilie, Birgitte, Sigrid og Marie opp ei gruppe for alle jentene på Sygna. Dei har valgt å kalle gruppa Veritas, som betyr sanning på latinsk. Og det er nettopp det dei vil; snakke sant og ærleg om livet og trua.
På Sygna er det veldig trygt og godt å vere kristen, men ein kan fort bli sløv i denne “kristenbobla”. I Veritas vil dei fire i personalet gjerne gi elevane eit tilbod der dei kan bli klar over kva dei trur på og utruste dei til livet etter Sygna.
Dei håpar at denne gruppa vil skape meir rom for openheit om livet – når det er tungt og vanskeleg å takle og om tru og tvil.
Til no har dei tatt opp temaa «Kvifor treng vi eit kristent fellesskap» og «russetid». Dei har også ete kveldmat saman for å bygge fellesskap.
Det vert eit par samlingar til før sommarferien, så ver gjerne med og be for gruppa og for dei som leier den.