1HO og 2HA i praksis


 

1HO og 2HA har fleire veker i praksis i løpet av skuleåret. Dei er då ute på ulike arbeidsplassar for å sjå, erfare og lære korleis det er å jobbe i dei ulike yrkene dei kan velge mellom. 1HO har vore i barnehagar, skular, sjukeheimar, dagsenter og bustadar for personar med funksjonsnedsettingar. 2HA skal lære og erfare korleis det er å være helsefagarbeidarar og er på ulike arbeidsplassar ein helsefagarbeidar kan jobbe. No har 1HO nettopp vore i praksis i to veker og me har spurt Lovise og Iben, som begge går i 1HO, tre spørsmål: 

Iben har vore i praksis som barne- og ungdomsarbeidar på ein skule

Lovise har vore i praksis i eit bufellesskap.

 

 

I kva yrke er du i praksis?

  • Eg er i praksis som helsefagarbeidar i et bufellesskap (Lovise)

  • Eg er i praksis som barne- og ungdomsarbeidar på en skule. (Iben) 

Kva arbeidsoppgåver har du i praksis?

  • Vere med i timane, hjelpe barn med ekstra utfordringar, jobbe på SFO (Iben)

  • Arbeidsoppgåvene eg har i praksis er å hjelpe med stell, lage mat, snakke og vere saman med brukarane. (Lovise)

 

Kva er det beste med å vere i praksis?

  • Det beste med å vere i praksis må nok vere korleis kvar dag er forskjellig. Det er forskjellige brukere du er innom og det er forskjellige arbeidsoppgaver fra dag til dag. Noe annet er jo kanskje det at hvis man har pause, så kan man noen ganger sette seg inne hos brukerne og være med de. (Lovise)

  • Det beste med praksis er å sleppe skulen og få vere i praktisk arbeid. (Iben)

 

 

No er 1HO tilbake frå praksis og vinterferie og godt i gang med praksisrapporten. Vi vil og ynskje 2HA lykke til i praksis i dei to vekene som kjem.

Forrige
Forrige

Fritid på økobygget - hva skjer?

Neste
Neste

Kvifor velje Sygna?