1ID som kosmetikkprodusentar
Blokk i naturfag er ikkje nødvendigvis ein idrettselev sin store draum. Då kan det vere lurt å gjere noko praktisk.
Forrige blokk 1ID hadde i naturfag laga elevane kvart sitt kosmetiske produkt. Elevane valgte sjølv kva det ville lage, og det blei laga leppepomade, lipgloss med ulike smakar og fargar og sjampo med ulike lukter. I tillegg måtte dei merke produktet sitt etter kosmetikkloven sine reglar, sjølv om det nok er rimelig å anta at det verken blir storskala produksjon eller sal av sjampo med det fyrste.
EOS