Møteveke med Ole Os

5 på Sygna om møteveka og ei helsing fra Ole Os

Førre veke hadde vi besøk av Ole Os som har hatt møte kvar kveld her på Sygna - frå tysdag til søndag. I denne forbindelsen fortel fem elever om kva møteveka har betydd for dei og kva dei sit igjen med.  

Ole har sjølv kome med ei lita helsing.  

Olaus Bø

-Eg har set stor pris på møteveka med Ole. Eg kjenner at den har styrkja trua mi og håpet om frelse er endå større etter ei så fin veke.

Lotte Sørlie

-Det er har vore veldig fint å kunna koma og høyre Guds ord kvar dag, det er veldig fint å få påfyll.

-Denne veka har eg lært meir om Gud og hans ord og at trua må bli bygd på fakta og erfaringar og ikkje berre på kjensler.

Mona Troland

-Møteveka har vore eit veldig fint samlingspunkt. Eg synest det er så fint å ha moglegheita til å sitje igjen etterpå med vener og be saman. Det er litt lågare terskel for det rett etter møta enn elles i ein hektisk kvardag.

-Det har også vore fint å få meir fakta å byggje trua på og å få sjå korleis det gamle testamentet har peika fram mot det nye testamentet og på Jesus. Ole har vore god på å formulere det på ein forståeleg måte.

Kristine Andersen

-Det har vore veldig kjekt å ha moglegheit til å gå på møta på kveldane. Lovsongen har også vore nydeleg!

-Det har det vore spennande å sjå på samanhengen mellom GT og NT med Moses og Jesus.  + mange gode opningar!

Henrik Hitland

-Eg synest møta med Ole har vore veldig fine! Han har vist oss samanhengar mellom historia om Israelsfolket og historia om Jesus, og om oss. Det har vore både nyttig og viktig og gjort meg meir interessert i å lese i bibelen!

Ole Os - Takknemleg - og ganske imponert!

Det har vore ei veldig god veke for meg. Flott å sjå at så mange er glade for å kome ilag på møte. Og det imponerer meg at så mange lagar lovsongsteam! «Jada, vi kan prøve!». Mange vaksne kunne hatt mykje å lære på Sygna.

Eg er så takknemleg for at eg har fått blitt kjent med mange av dykk. Mange gode ein-til-ein-samtalar der vi har prata med kvarandre om livet med Jesus. Og fleire ærlege «eg er ikkje kristen, men..»

 Det er lett å bli glad i folk på Sygna og kjekt å samarbeide med alle gode folka i personalet!

Tusen takk!

Ole Os Foto: NLM

Forrige
Forrige

Fullt fokus på struktur, innhold og språk

Neste
Neste

Forhåndsstemmer i lunsjpausen