Andrea svarar deg når du ringer Sygna

No er det Andrea Nordhelle si blide sørlands-stemme som svarar deg når du ringer Sygna. 21-åringen frå Mosby i Agder vikarierer nemleg som skulesekretær denne våren.

- Det er veldig mykje å setje seg inn i, men eg synest det verkar veldig kjekt, seier Andrea om jobben som ho har hatt i to og ein halv dag…

Andrea Nordhelle er den første du møter når du tek kontakt med Sygna. Ho vikarierer i stillinga som skulesekretær denne våren.


Andrea vart kjend med miljøarbeidarane Kristine og Janne på Fjellheim bibelskule i fjor - og det var dei som tipsa om jobben på Sygna. Dette skuleåret har ho vore i London, men måtte reise heim pga. nedstengingane i storbyen. Ho har site i karantene og er no klar for å jobbe på Sygna denne våren. Vi er svært glade for å ha henne på plass i denne viktige stillinga.

Sygna treng likevel skulesekretær frå hausten 2021. Utlysing finn du her.

Forrige
Forrige

Utekino på fotballbana

Neste
Neste

Sygna Starbucks