Avslutning med eit imponerande kull

- Det er kanskje ikkje dei konkrete pengane vi har samla inn som er det viktigaste, men dei menneska som får hjelp - og det vi har lært i dette prosjektet. Det er kjempeviktig.

Det sa dei to stolte prosjektleiarane, Tomine og Anders då dei skulle presentere resultatet av eit år med innsamling til misjonsprosjektet. Noko av den same bodskapen hadde utviklingsministar, Dag Inge Ulstein i si videohelsing til russen: De har gjort ein imponerande innsats, ta vare på det de har lært i dette arbeidet og det de har samla inn hjelper mange menneske til eit betre liv!

Det er utvilsamt imponerande når russen i eit heilt spesielt år har klart å nå målet sitt for prosjektet med god margin. Trond Kråvik, representant for Misjonssambandet, kunne ta imot ein sjekk på 649 000 kroner. Difor var og dette eit høgdepunkt i ein veldig kjekk avslutningsfest laurdag 5. juni.

For første gong dette skuleåret kunne vi invitere foreldre til ein fest på Sygna. I tillegg til å feire russen sin imponerande innsats for prosjekt i Indonesia fekk vi flott middag, helsingar frå tillitselevane, russepresident og visepresident, foreldrehelsing og lett underhaldning. På grunn av smitteverntiltak kunne vi ikkje synge saman. Difor var det ekstra kjekt å høyre Jan-Tore Saltnes sine framføringar av tre songar - m.a. uroppføringa av Balestrandsjodelen “Ingen reiser frå Balestrand”.

Gratulerer til eit supert kull

Forrige
Forrige

Vi må yte før vi kan nyte

Neste
Neste

Siste mattetime