Ba til Gud om å finne ein god skule


Eg merka med ein gong eg kom til Sygna at her var folk heilt annleis enn eg var van med.

Tomine Saltnes går tredjeklasse påbygg på Sygna og er travelt oppteken med alt ho har teke på seg av ansvar i russen. Som ein av to ansvarlege for russen sitt Indonesia-prosjekt er det mykje å tenkje på.

-Eg likar å vere med og bidra. Det gjer at eg kjenner eg er til hjelp – både i russen, men og for det viktige arbeidet vi samlar inn pengar til i Indonesia. Samtidig likar eg å ha litt kontroll – og når eg er ansvarleg, så har eg jo det…

Tomine er ei av elevane på Sygna som har teke på seg mange oppgåver.

Tomine kom til Sygna i andre klasse – og ho merka med ein gong at ho hadde valt rett.

-Her på Sygna er det samhold mellom elevar og personale. Det merka eg den første dagen eg kom hit; personalet tok så godt imot meg – det virka nesten som dei kjende meg allereie første dagen. Det har eg ikkje opplevd før. Elevane er og venlege mot kvarandre – tonen er annleis enn der eg gjekk tidlegare.

Ho fortel at ho kom frå ein klasse med eit litt dårleg miljø og ein skule med veldig få kristne.

-Mamma og eg ba om at vi måtte finne ein god skule eg kunne gå på. Så kom tante på besøk. Ho har gått på Sygna sjølv og anbefalte meg å byrje her.

Elevane hjelper kvarandre

-Sjølv om vi som går her ikkje alltid meiner det same om ulike ting, så trur mange her på Jesus. Det er godt å kunne snakke om trua si med medelevar og vite at dei eg snakkar med ønskjer det same som meg – nemleg å finne ut av ting og bli tryggare på det vi trur på. I byrjinga var det litt rart for meg å merke at nokre hadde litt sterke meiningar om ting, men no tenkjer eg eigentleg at det er litt kjekt. Det gir meg mogelegheit til å reflektere over mine eigne synspunkt og eg trur det gjer meg tryggare på kva eg sjølv meiner.

Det er ikkje opplagt at by-jenta frå austlandet skal trivast i ei vestlandsbygd – men det gjer ho.

-Det eg saknar av ulike tilbod i byen får eg att i flott turterreng. Eg likar veldig godt å gå fjellturar – og det er enkelt her i Balestrand. Særleg når eg treng å vere litt åleine er det flott å ta ein tur ut.

Tomine går ein travel vår i møte med russerevy, misjonsløp og innspurt i russeprosjektet. Ja, og eksamenar, sjølvsagt.

-Eg gruar meg litt til at Sygna-tida snart er over, men gleder meg til å få eksamenane overstått.

PS: måndag 8. februar har regjeringa avlyst skriftleg eksamen, så no må Tomine og dei andre Vg3-elevane berre førebu seg på munnleg eksamen.

Forrige
Forrige

Krysser Sognefjorden for å gå 3PÅ

Neste
Neste

Kjemiske reaksjoner og tidlig helg på 2ST