Bli kjent-helg på Sygna

Det nærmar seg søknadsfristen 1. mars!

Alle som søker Sygna er herved inviterte til Bli kjent-helg på Sygna 25. - 27. mars. Dette gjeld også deg som ev. ikkje har oss som førsteønske.

Denne helga legg vi opp til eit kjekt program med tanke på at du skal bli kjent med elevar som allereie går på Sygna og med elevar som vurderer å kome til Sygna. På denne måten håper vi du skal få eit inntrykk av kva det vil seie å gå på Sygna før svarfristen på ev. inntak går ut 1. april.

Opphaldet og maten er gratis :-)

Påmeldingsfristen er fredag 18. mars og du kan melde deg på her.

Alle som søker Sygna på heimesida til Sygna får også denne informasjonen som svarmail på søknad. Hugs at elevar frå Vestland søker gjennom vigo.no, men melder registrering av buforhold på sygna si heimeside. Elevar frå alle andre fylke gjennomfører heile søknaden på Sygna si heimeside. VELKOMMEN :-)

Alle som har søkt på Sygna er velkomne på Bli kjent-helg

Forrige
Forrige

6 gode grunner til å velge Sygna

Neste
Neste

Skitur til Hodlekve