Brynjulf Jung Tjønn om utanforskap og rasisme

Tidlegare Sygna-elev, Brynjulf Jung Tjønn heldt foredrag på foreldredagen og tok føre seg temaa adopsjon og rasisme. Utgangspunktet er hans eigen historie og den siste boka hans, Kvit, norsk mann som kom ut i 2022.

Brynjulf Jung Tjønn kom til foreldredagen og snakka om utanforskal og rasisme.

Brynjult Jung Tjønn er ein prisløna norsk forfattar som har skrive både barnebøker, romanar for ungdom og vaksne og lyrikk. Tjønn gjekk ut frå Sygna i 1999, og debuterte allereie som forfattar tre år seinare, med boka Eg kom for å elske (2002). Så kom Lyden av noen som dør (2008), I morgen skal vi sitte i solen (2009) og Kinamann (2011). Kinamann har og tematikk henta frå eige liv og adopsjon. I foredraget seier Tjønn at han ikkje var nøgd med responsen på boka, den forsvann fort frå mediebilete, og ein fekk ikkje ein diskusjon om tema, slik Tjønn hadde håpa.

I 2014 var han på besøk på Sygna for å snakke om ungdomsromanen Så vakker du er (2013), som fekk Brageprisen same år for beste barne- og ungdomsbok. Han fortalde då, som han og var inne på i foredraget no, at han byrja å skrive tidleg og at han hadde skrive sine først dikt på internat 3 på Sygna. Språket i Så vakker du er tidvis svært poetisk. På spørsmål om han kom til å gi ut lyrikk sa han i 2013 at han ikkje trudde det. Når me snakkar med han no har han både skrive diktsamlinga han las opp frå, og Garden under jorda, som kom i 2019.

Brynjulf skreiv sine første dikt då han var elev på Sygna på slutten av 90-talet.

-         Eg har nok tenkt at det var vanskeleg å skulle skrive mange nok dikt av høg nok kvalitet til ei diktsamling. Dei to bøkene eg har gitt ut har ei historie som alle dikta spinn rundt. Det gjorde det mogleg å fylle ei heil bok og samstundes halde kvaliteten.

Kvalitet har han og levert 2021, då Kvar dag skal vi vere så modige kom. Den fekk P2-lyttarane sin romanpris og svært gode omtalar. Marta Norheim skriv at «teksten [opnar] for at lesaren kan kjenne på ei smerte som har ramma nokon andre. Dette er noko av det edlaste litteratur kan gjere.» (Norheim, 2021) Romanen handlar om utanforskap som går som ein raud tråd gjennom forfattarskapen til Tjønn.

Eigen utanforskap er då og tema for både barneboka Gard er ikkje redd og Kvit, norsk mann som kom i 2022. I begge bøkene er hovudpersonen adoptert. Tjønn seier sjølv at Gard er ikkje redd kanskje er den første norske barneboka med hovudperson som er adoptert og har asiatisk utsjånad.

-         Eg har stort sett hatt ein norsk kvit gut som hovudperson, men med desse bøkene kjem eit skifte. Framover vil eg komme til å skrive hovudpersonar som er lik meg sjølv, legg Tjønn til.

I Kvit, norsk mann har eg-personen i teksten namnet Brynjulf Jung Tjønn. Slik Tjønn snakkar om boka, får ein og forståinga av eit det er eit ein-til-ein-forhold mellom eg-person og forfattar. Diktsamlinga vert dermed svært personleg og baserer seg på hendingar som viser oppvekst som adoptivbarn og erfaringar med rasisme i Noreg. Samlinga er direkte og enkel, men svært sterk. Shana Fevang Mathai i NRK, skriv i meldinga av boka at «[d]et er en stund siden jeg har lest noe så brutalt sårbart og poetisk granskende som dette.». (Mathai, 2022)

Sterkt vart det og i gymsalen på Sygna. Tjønn minna oss om at det var nesten på dagen 24 år sidan Arve Beheim Karlsen vart funnen død i Sogndalselva. Mot slutten av foredraget las Tjønn opp eit av dei mest siterte dikta frå samlinga. Eit svært stille og lyttande publikum fekk høyre diktet der Tjønn skriv seg inn i historia om den rasistisk motiverte dødsfallet til Arve Beheim Karlsen.

Ein full gymsal fekk høyre Brynjulf si historie, refleksjonar og dikt.

I etterkant av opplesinga fekk Tjønn spørsmål om reaksjonar på boka.

-         Familien har støtta meg og foreldra mine er svært positive til boka. Og andre som kjenner seg att i boka, mellom anna mor til Arve Beheim Karlsen, er takksame for desse dikta, svarte Tjønn.

Fleire spørsmål vart det tid til ved signeringsbordet etter foredraget. Ein elev spurte kva Tjønn forventa av lesarane av boka?

-         Det må jo sjølvsagt vere opp til lesaren sjølv, men eg håper jo eg kan peike på nokre stereotypiar og fordommar som me har, og at me kan reflektere over korleis me snakkar om og til kvarandre, svarte Brynjulf Jung Tjønn.  

Mellom fjord og fjell i Sogn vart det og tid til å spørje om landskapa i historiane Tjønn fortel. Ein kan føle at ein sit midt i landskapet Tjønn skriv fram når ein ser ut vindauget i Balestrand.

-         Landskapet er svært viktig for meg. Eg ser for meg landskapet her når eg skriv; jorda, luktene, årstidene er sentrale i handlinga i fleire av romane mine, reflekterer han.

Me får og svar på kva som skjer framover i forfattarskapen.

-         Då eg skreiv Kvit, norsk mann jobba eg allereie på ein roman, den skal eg skrive ferdig. Elles tek eg til i jobben som leiar i forfattarforeininga.

To av romanane dine er dramatiserte; Så vakker du er og Alt det lyse og alt det mørke. Og så er det du husdramatikar på Dramatikkens hus? Kjem det noko meir dramatikk frå deg?

-         Ja, eg skriv og dramatikk, men det er vanskeleg å få noko på scenen. Fleire teater satsar på eldre, kjende skodespel som dei veit publikum kjenner, eller dei set opp bøker som allereie har hatt suksess. Eg jobbar elles med å få dramatisert Kvit, norsk mann. Me får sjå kva moglegheiter eg får framover, avsluttar Tjønn.

Har du ikkje lese noko av Brynjulf Jung Tjønn enda, vil eg tilrå Kvit norsk mann og Kvar dag skal vi vere så modige. Begge desse tek føre seg tema som eg personleg aldri har eller vil kunne oppleve. God litteratur kan sette ord på kjensler ein sjølv ikkje har klart å sette ord på og den kan gi oss innsikt i situasjonar me ikkje har levd; den kan skape empati og forståing. Det vil eg påstå at bøkene til Tjønn kan gjere.

Mange russedressar fekk Brynjulf sin autograf denne dagen.





Tekst: John Martin Høines 

Kjelder

Mathai, S. F. (2022, September 7). Sangen til en hjemløs sjel. Henta frå Nrk.no: https://www.nrk.no/anmeldelser/anmeldelse_-_kvit_-norsk-mann_-av-brynjulf-jung-tjonn-1.16088316

Norheim, M. (2021, Mai 2). Sterkt forsvar for nabokjerringa. Henta frå Nrk.no: https://www.nrk.no/anmeldelser/anmeldelse_-_kvar-dag-skal-vi-vere-sa-modige_-av-brynjulf-jung-tjonn-1.15463884

Forrige
Forrige

Misjonsløp i strålande vèr

Neste
Neste

Klar for en “ace”?