Busstreik - oppdatering måndag 28. september
Busstreiken er utvida til å gjelde våre område. Det får konsekvensar for nokre av våre elevar som pendlar til skulen.
- Dersom elevar ikkje kjem seg på skulen p.g.a. busstreik skal dei jobbe med periodeplanane. Dersom det vert langvarig kjem vi til å vurdere streaming, men fram til haustferien er det periodeplanane som gjeld.
- Elevar som ikkje kjem seg på skulen p.g.a. busstreik melder frå til internatleiar om morgonen.
- Elevar får ikkje fråvær dersom dei ikkje kjem seg på skulen p.g.a. streik.
For internatelevane
Den omfattande busstreiken gjer at fleire av internatelevane kan få problem med å kome seg heim til haustferien.
1. Vi tilrår flest mogeleg å nytte seg av båten til Bergen. Denne går som normalt kl. 07.50 om morgonen. Dersom ein allereie har bestilt reise vidare frå Bergen som ein ikkje rekk dersom ein tek båten fredag, kan ein reise torsdag morgon utan at det vert fråvær (ein jobbar etter periodeplanane). Det same gjeld dersom ein no må legge om reiseruta og ikkje rekk vidare korrespondanse fredag. Det kan og bli fullt på båten. Det er difor viktig å bestille plass. Får ein ikkje plass på fredag, kan det bli nødvendig å reise torsdag.
2. Frå Bergen går det både fly og tog austover. Det går og fly sør- og nordover.
3. Elevar frå nærområdet (Sogn og Fjordane) reknar vi med kan bli henta av foreldre – ev. at ein samkøyrer. Det kan og vere at foreldre frå andre stader i landet må ta seg ein tur til Sogn - eller at ein må køyre lenger enn vanleg for å hente ungdomen sin ved eit trafikknutepunkt.
4. Dersom ein har lagt planar for reise som ein ikkje klarer å gjennomføre, er det bra om vi får vite om det dersom vi skal kunne hjelpe. Vi har begrensa mogelegheit til å transportere, men det kan vere aktuelt å setje opp nokre bilar/minibussar til t.d. Sogndal flyplass Haukåsen, Førde flyplass Bringeland og/eller togstasjonen på Voss. Då våre mogelegheiter til å transportere elevar er begrensa er det viktig at vi set opp ev. transport dit det er mest nødvendig – og på dei tidspunkta det er mest nødvendig. Vi ber difor elevar som har problem om å ta kontakt med Møyfrid (kontorsekretær) innan lunsj tysdag, slik at vi får oversikt.
5. Tysdag kveld vert helgelista teken ned frå internata. Det er viktig at elevane oppdaterer tidspunkt for avreise – så langt dette let seg gjere.