Byter ut paraply med parasoll
Sygnaelevar set kursen sørover, medan regnet hamrar på rutene her i Sogn.
Fredag morgon går 30 idrettselevar - og ein fin bukett med lærarar - på flyet i Bergen som fører dei til den spanske øya Lanzarote.
– Det eg gler meg mest til er å prøve ut nye idrettar, seier Sebastian Nikolay Kerschbaumer.
Tett program
I ei årrekkje har Sygna besøkt det velfungerande og store idrettssenteret Club La Santa, på vulkanøya i Atlanterhavet.
– Her er det lagt opp til ei aktiv veke der menyen er full av godbitar, blant anna padeltennis, tennis, landevegssykling, terrengsykling, symjing, volleyball, golf, squash, minigolf og fotball. I tillegg er det lagt opp til ei rekkje fellesøkter med instruktør, der dei fleste muskelgrupper får køyrt seg.
Lenge sidan sist
Mellom øktene er det sjølvsagt rom for å sjå og nyta noko som det har vore lite av i Sogn så langt i år.
– Vi er vêrsjuke, det skal bli godt å sjå sola att og få litt varme, slår Torje Grøneng og Noh Fisseha Weldeyohannes, begge førstereisgutar i denne samanhengen.
Og det ser lovande ut, kring 20 grader og sol er Yr si gladmelding til elevane.
Ekskursjonar
Sygna sender elevane – på Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur og Idrettsfag, rundt på mange ekskursjonar i løpet av skuleåret. Programmet for 2020/2021 er no klart. Sjekk ut her.
Klikk deg inn på filmen og få ein smakebit frå turen til Lanzarote i fjor: