Er evangelia pålitelege?
Onsdag 4. september får vi besøk av Hans Johan Sagrusten - teolog, bibelomsetjar, forfattar og forlagssjef. Han har i ei årrekke studert teksthistoria til Bibelen og skrive fleire bøker om emnet, blant anna «Det store puslespillet», som er selt i 6000 eksemplar og omsett til fleire språk.
Denne onsdagen får elevane innsyn i forskinga rundt evangelia sin verdi som historiske dokument.
Funn av gamle tekstar har alltid pirra fantasien vår. Det er ikkje rart at krimforfattarar som Dan Brown og Tom Egeland byggjer bøkene sine rundt oppdaginga av gamle manuskript. Men
der krimromanene fortel fiktive historier, fortel Hans Johan Sagrusten frå Bibelselskapet om fakta og verkelege funn – i jakta på dei tidlegaste manuskripta til Bibelen.
Sagrusten tek for seg dei viktigaste funna dei siste hundreåra: Kor gamle er dei eldste manuskripta ein har funne av Bibelen, kva er forhistorien deira, og korleis vart dei funne?