Fann det han leitte etter
Uvissa har sleppt taket. Det same har jakta på kortvarig lukke.
Dagane er kortare. Snøen krabbar lenger ned i fjellsidene. Berre dei mest seigliva gule blada tviheld på plassen sin. Fjordlandskapet skiftar drakt. Det same har på mange måtar Nils-Ola Standal(17) gjort, her midt i Sogn.
Eigne bein
– Eg har fått ein heilt annan ro i kroppen og er tryggare på meg sjølv, seier Nils-Ola Standal frå Åsane. For vel to år sidan tok han eit val han ikkje angrar på i dag. Han følgde i fotefara til søstera, og valde Sygna vidaregåande skule i Balestrand som neste stoggestad etter grunnskulen.
– Eg hadde lyst å bu på internatskule og ønskte å stå litt på eigen bein, seier Nils-Ola Standal. Han kom til den kristne internatskulen i Balestrand utan å vera kristen.
Søkte spenning
– Eg har kristne foreldre og har vore med dei i kyrkja i heile barndomen, og har såleis hatt mi barnetru, forklarer han. Men etter kvart som åra gjekk, mista han meir og meir trua. Då han starta på ungdomsskulen bruket han få kaloriar på nettopp dette.
– Eg søkte spenning i andre miljø, fortel han ærleg.
Tomrom
Melodien var den same då han starta på på skulen, som har utsyn over der Sognefjorden er på sitt breiaste.
– Etter fleire år med festing og alkohol, følte eg meg tom. Det gav ei kortvarig lukke, men ikkje noko meir. Eg var usikker på meg sjølv, seier han. Sakte, men sikkert endra dette seg.
– Sygna har på mange måtar vore ein augeopnar for meg, fortel han. Då han kom tilbake i 2. klasse fekk han gode vener i det kristne miljøet, og han oppsøkte torsdagsmøte og andre arrangement som skulen og miljøteamet arrangerer.
– Eg har no funne mi tru, og har teke eit sjølvstendig val. Det kjennest godt, seier Nils-Ola Standal.
Tryggare
Han har funne si rolle, og er tryggare i kvardagen.
– Eg går meir på møter og oppsøkjer det kristne fellesskapet her på skulen. Eg les også i Bibelen og mykje av det som står der er bra. Eg prøver å leve etter dei verdiane som står i der, seier Nils- Ola, som er russ ved skulen til våren. Han kjem med følgjande oppmoding på tampen: – Det er viktig at vi som kristne ikkje må døma, sidan vi ikkje er dei rette til å gjere det.
P.S.: Denne saka stod på trykk i siste nummeret av Utsyn