Farmen-leikar i 1HO
Går du Vg1 Helse- og oppvekstfag lærer du mykje om kroppen og korleis den fungerer. Du skal m.a. lære om musklar og skjelett og korleis dei må samarbeide for at kroppen skal fungere. Kva musklar og delar av skjelettet må samarbeide når ein tek sit-ups? Kva skjer ved ei statisk øving som t.d. melkespannhalding? Dette - og mykje meir vart testa då 1HO hadde Farmen-leikar denne veka.