FIFA-turnering
Med fulle deltakarlister var fredagens FIFA-turnering ein suksess. Sygna sin FIFA-konge skulle kårast. Etter utalige kampar, frustrasjon og jubelrop stod ein att med to verdige finalistar. Philip og Jon leverte ein god finalekamp, men Jon styrte spelerane sine best og stakk av med sigeren. Gratulere!
Takk til russen for eit flott arrangement! - og takk for at de rydda så fint etterpå.