Fin praksisdag

Vi har noko som heiter punktpraksis i faget yrkesfagleg fordjupning i 1HO-klassen. Det går ut på å få prøve seg i praksis på nokre av dei forskjellige yrkesvala elevene har. Annankvar fredag har 1/3 av klassen vore med Sagatun skule, det minste trinnet på uteskule. Vi har hatt meir eller mindre fast stad på Ja-steinen. Men fredag 22. januar var vi i akebakken på Fjærestad. Dette kunne vi gjere sidan vi var så mange vaksne som kunne passe på dei langs den trafikkerte vegen og ikkje minst når vi skulle over vegen utan gangfelt.  Det er alltid moro å vere saman med dei små. Dei har mykje livsglede og energi og dei har alltid mykje å fortelje. Våre HO-elever lærer mykje både om leik, kva det utviklar, korleis vi skal sjå kvart barn, trygge dei, hjelpe dei med kle og mykje anna. Denne gongen vart det mykje aking i full fart frå øvst i bakken til heilt ned på jordet. Snøen var også såpass kram at det også vart snømann og store snøballar. 

Forrige
Forrige

Trives med treningslære på 1ID

Neste
Neste

Soveposenes mester