Fire flotte dagar i Frankrike

Elevane i 3ST og 3KDA rakk ein skikkeleg flott ekskursjon til Paris før dei tok haustferie. Hovudpunkta på ekskursjonen var besøk på Louvre, eit av verdas største kunstmuseum. Meir storslagen arkitektur og historieformidling vart det på Versailles, solkongen Ludvig 14. sitt slott. Eit mindre storslått, men svært lærerikt besøk på Shoah Memorial Museum gjorde også inntrykk - der fekk elevane lære om dei franske jødane sin historie då den andre verdskrigen herja.

Det vart og tid til vandring gatelangs i Paris, med tur på Seinen, tur til toppen av Eifeltårnet, besøk på Sacre Coeur og mykje meir. Sjå bileta her.

Louvre

Versailles

Shoah Memorial Museum

Gatelangs i Paris

Forrige
Forrige

10.-klassingar på hospitering

Neste
Neste

"Hva gleder du deg til i høstferien?"