Forfattarbesøk for heile skulen - Anders Totland presenterte «Ein kamp mot vindmøller»

Etter to år utan fellestilbod frå Den kulturelle skulesekken, var det ekstra kjekt å samle heile flokken til forfattarbesøk på Bygdahuset denne veka.

Vi fylte kinosalen med elevar, lærarar og niandeklassingar som var på hospitering, og fekk servert eit 45-minutts interessant føredrag om kampen mot vindkraftutbygging i Noreg.

Forfattar Anders Totland har skrive dokumentarboka «Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør» som kom ut i 2021. No reiser han rundt til skular og bibliotek med formidlingsopplegget «Ein kamp mot vindmøller», som vi altså fekk vere med på i dag.

Her skildra han framveksten av motstanden mot vindkraftutbygging i norsk natur, og viste korleis både lokalpolitikk og rikspolitikk har blitt påverka av motstanden.

Føredraget var lærerikt og passa godt til dei tverrfaglege temaa Demokrati og medborgarskap og Berekraftig utvikling, som vi arbeider med i mange fag for tida.

Forrige
Forrige

Bli kjent-helg

Neste
Neste

Alpinanlegg og besøk hos Fridtjov