Forfattarbesøk - fra fakta til fiksjon

Finn Bjørn Tønder jobba som journalist i mange år før han blei forfattar. Gjennom skjønnlitteraturen kunne han fortelje det han visste måtte være sant men som han ikkje kunne skrive om i journalistrolla, på grunn av dei strenge kjeldekrava og det viktige kjeldevernet.

I dag tok Tønder med seg Vg3-elevane våre inn i historier frå verkelegheita, og han las frå bøkene sine og fortalte korleis han fekk løyst saker gjennom fiksjon. Han snakka òg om «verkelegheitslitteratur» meir generelt, så her var det både noko å fundere på og litt av kvart å ta med seg inn i norsktimane framover.

Forrige
Forrige

Velkommen på møte kvar kveld kl. 20.00

Neste
Neste

Prioriterer bibelgrupper på tirsdagene