Frå ein trygg pult til ei spanande oppgåve ved kateteret

Haakon Bleka er frå Rennesøy og var russ på Sygna i 2017. Deretter reiste han vidare til Fjellhaug

bibelskule. Her gjekk han først eit år på bibelskulen og deretter var han stipendiat eit år.

Ferda gjekk vidare til lektorstudie ved universitet i Oslo, med kjemi som hovudfag. Nå er han inne i

sitt 7. semester som realfagsstudent og klar for 8 veker praksis på Sygna med gamlelærarane Helge

og Bjørg som rettleiarar.


Han fekk starte litt forsiktig med å observere ei veke, men så var det ikkje noko kjære mor lenger…

Frå førre veke overtok han all undervisning i Kjemi 1 og matematikk R1. Det går strålande. Elevane er

nøgde, det same er rettleiarane og heldigvis hovudpersonen sjølv, Haakon .

Nå håper vi han vil trivast så godt at han seinare vurderer internatskular generelt, og Sygna spesielt,

som ein framtidig arbeidsplass!

Lukke til, Haakon, vi er glade for å ha deg her!

Forrige
Forrige

Inviterer til løpsglede og treningsfellesskap

Neste
Neste

Tredagars ekskursjon til Jostedalen for 3ID