Fullpakka vårfesthelg
Laurdag var det vårfest og foreldredag på Sygna. Eitt av mange høgdepunkt var det årlege misjonsløpet. I 90 minutt sprang løparar i alle aldrar alt dei kunne på Kreklingen stadion. Dei med stålkondis gav seg ikkje før dei hadde sprunge over 60 rundar rundt løpebana, altså over 20 kilometer. Pengane frå løpet går til å hjelpe NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) med å samle inn pengar til RMM-prosjektet og samfunnsutvikling i Etiopia.
I tillegg til mange rundar rundt løpebana, var det vårfest og foreldredag på Sygna. Noko av det som stod på programmet var temasamling med kommunelege Henrik Høberg som snakka om livsmeistring og psykisk helse.
Russen stilte med bilvask-teneste, minimarknad, ansiktsmaling, fletting og kiosk.
Elevane i KDA stilte ut nokre av dei flotte kunstprosjekta sine.
På vårfesten, som vart stødig leia av Liv Rigmor, fekk vi andakt, rektorhelsing, gjensyn med russerevynummer og besøk av gule englar. Etter festen var det buffet av topp kvalitet levert av vårt gode kjøken og amerikansk auksjon.
Tekst: FB
Foto: GBB og JR