Gleder seg til å kome på besøk
Bur du på Karmøy eller Møre, eller kanskje i Stavanger eller Bergensområdet? Då er du kanskje så heldig å få treffe på nokre kjekke sygnaelevar på tur. Frå 28. november til 1. desember er 27 elevar ute på besøk på ulike skular, ungdomsklubbar og bedehus.
Tre av dei som skal reise til Hordaland er Mia, Britt Marit og Aron. Dei er allereie i gang med planlegginga og gleder seg til å delta på ulike samlingar der dei kan treffe potensielle elevar og andre støttespelarar.
Så er det berre å fordele oppgåver som å leie møte, halde andaktar og opningar, informere om ulike studietilbod, synge eller organisere leikar og aktivitetar. Dette blir kjekt!