Går du på ungdomsskule? Sjekk ut dette om besøk og hospitering!

Har du starta å tenke på kva du skal gjere etter ungdomsskulen? Eller kanskje du kjenner nokon som er usikre? Vi har eit tilbod vi håper kan vere interessant!

Måndag og tysdag 24. – 25. oktober inviterer vi deg som går i 10. klasse til å prøve deg som elev på Sygna. Du får sjå korleis skuledagen er og korleis det er å bu på internat. Dette er dei same datoane som resten av Vestland gjennomfører hospitering, og det er knytt til faget utdanningsval.

Sjekk denne lenka for meir informasjon om hospitering: https://www.sygna.vgs.no/hospitering

Går du i 9. klasse? Då inviterer vi deg til hospitering våren 2023. Datoane er ikkje fastsette, men truleg vert det i februar/mars.

Sjekk ut lenka for å finne ut kven du skal kontakte om dette er interessant, så håper vi å sjå deg på Sygna!

Forrige
Forrige

Multi-turnering

Neste
Neste

Inviterer til løpsglede og treningsfellesskap