Greier vi 1 million kroner?
Vi treng hjelp for å lette børa.
Containerkjøkken, papptallerknar og plastikbestikk har vore kvardagen for elevar og tilsette denne hausten. Bakgrunnen for den noko spartanske opplegget kjem av at Sygna vidaregåande skule no tek sats og fornyar for framtida.
innfrir krav
Øko-bygget - som blant anna husar matsal og kjøkken – vert no utvida mot nordaust og modernisert. Grepet gjer at skulen innfrir dagens krav til storkjøkkendrift, får påbygg til kjeldesortering, kontor for internatleiar og kjøkkenleiar og ekstra opphaldsrom og bad.
Moderne vri
Det er venta at det nye kjøkkenet kan takast i bruk kring 1. november. Då får kjøkkenleiar Are Bollingberg og resten av personalet langt meir armslag.
– Vi gler oss til å flytta inn i eit moderne kjøken med gode og praktiske løysingar, seier Bollingberg.
Innsamling
Når nytt kjøkken står klart i løpet av hausten, stettar det strenge krav frå både Mattilsynet og Arbeidstilsynet.
– Totalbudsjettet er på 12 millionar kroner utan moms, seier Frode Bøthun, fungerande rektor ved skulen.
Dette er mykje pengar for internatskulen i Balestrand, som må ta opp lån for å dekka utbygginga.
– Vi håpar at gode vener av Sygna ønskjer å bidra slik at løftet ikkje vert så tungt, seier Bøthun, som understrekar at alle moner dreg.
Målet er å samle inn 1 million kroner i løpet av eitt år. Det vil seia at deadline er 4. oktober 2020.
Du kan enkelt støtte oss her:
https://knifgaver.mycornerstone.com/sygna
Vipps: 85687
kontonummer: 3000 27 87608