Gutt/jentekveld

På lørdag var det gutt/jente kveld her på Sygna. Jentene vart ønska velkommen til møtesalen og gutane gikk opp i huset til miljøarbeidarane. Lite viste gutane om at der venta det dei spa, «gul bolle», pynting av cupkakes, diktlesing og skikkeleg jentestemning. Mange av jentene blei også overraska då dei kom ned i møtesalen og blei møtt av potetgull fra posen, cola og nintendo switch. Utover kvelden vart det leika avisleiken, konkurranse i limbo, springebiljard, servering av pizza, «hva ville du gjort visst…?», latter og go guttastemning. Den overraskande vrien blei godt motteken og gutt/jentekvelden blei vellukka.

Forrige
Forrige

Sognekraft på besøk!

Neste
Neste

To om tro og møteuka