Hanne Louise og Oline inviterer til loppemarknad

Dei to misjonsprosjektansvarlege i russen står midt i ein haug med det som minner mest om rot - og gliser breitt.

-Det kjem til å bli eit kjempebra loppemarknad med ALT mogleg: bøker, koppar, møblar, klede, bilder - alt du kan tenkje deg, seier Hanne Louise.

Fredag ettermiddag ser gymsalen ut som eit roterom - men alt skal verte klart til laurdag

- Klokka 10.30 er det berre til å komme, men ta med pengar eller fyll opp Vipps-kontoen din, for inntektene går til russen sitt prosjekt i Etiopia, så vi vil gjerne selje så mykje som mogleg, oppfordrar Oline.

Loppemarknaden er open laurdag 30. oktober kl. 10.30 - 13.30. Alle er velkomne.

Forrige
Forrige

Bøtteleiken og skokrig

Neste
Neste

Velkommen til foreldredag