Hels på dei nye tilsette på Sygna
Då er vi endeleg i gang med planlegginga av eit nytt skuleår og vi gler oss til helga då Sygna igjen skal fyllast opp av nye og gamle elevar.
Vi har også nokre nye, fine folk i personalet i år;
Birgitte Sørskår og Jonas Hoffmann er nye miljøarbeidarar, Jørn Heggestad har starta i jobben som undervisningsinspektør, Emelie Gustavson er ny idrettsassistent og Raquel Birkeland er elevassistent.
Vi ønskjer dei hjarteleg velkomne til Sygna!