Hjelper til under NM

STJERNELAG: Denne friske buketten med Sygna-elevar er klare til å gjera ein solid innsats under NM i skiskyting i nabobygda Vik.

Sygna-elevar får prøva seg som funkjsonærar under NM i skiskyting.

Frå 27.- til 29. mars vert NM i skiskyting arrangert i Vik Skisenter. Arrangøren Vik IL lovar tre fantastiske dagar fulle av konkurransar og folkeliv i skianlegget på Kålsete.

Med på laget

–Dette gler vi oss til, seier Henning Birger Sagevik. Læraren på idrettsfag på Sygna vidaregåande skule har med seg ein fin bukett med elevar over Sognefjorden for å hjelpa til under NM-dagane i skiskyting.

Tett på

Elevane på VG3 idrettsfag skal bidra som funksjonærar, og får såleis komme litt på innsida av eit arrangement av denne storleiken.

– Planlegging og gjennomføring av arrangement er noko av det vi jobbar med i idrettsfaga, forklarer Sagevik. NM i skiskyting er vidare eit godt eksempel på at arrangement som dette ikkje hadde vore mogeleg i ein liten klubb utan frivillig innsats og mykje dugnad.

Godt eksempel

– Om nokre år er det desse elevane som vi håpar skal engasjere seg i idretten, både som trenarar og frivillige. Dette skjer ikkje av seg sjølv, men ved at dei ser og sjølve får ta del i dugnadsarbeid. Her er Vik IL eit veldig godt eksempel, seier Sagevik, som rosar idrettslaget i nabobygda.

– Vi i Balestrand og på Sygna er imponerte over Vik IL og alle andre i bygda som stiller opp for at det skal vere mogeleg å vere arrangør av NM i skiskyting. Då er det berre kjekt å kunne gje eit lite bidrag til våre gode naboar på andre sida av fjorden, seier Sagevik.

Forrige
Forrige

Overnatting i snøhule

Neste
Neste

Velkommen på Vision denne helga