Hospitantar frå 12 ungdomskular på besøk på Sygna!
Måndag og tysdag denne veka var 34 9.klassingar frå 12 ulike skular i heile Vestland på hospitering på Sygna. Elevane fekk prøve seg som skuleelevar på dagtid og dei fekk ein liten smakebit av internatlivet på ettermiddagstid. Stemninga var god og støynivå akkurat passe høgt då mange blei med på kanonball i gymsalen etter middag og spel og snacks i peisestova etter kveldsmat. På dagtid fekk hospitantane prøve seg som elevar og dei fekk informasjon om ulike utdanningsprogram og kva det vil seie å vere elev på ein kristen vidaregåande internatskule. Rykta vil ha det til at det var så vidt nokre av elevane rakk bussen heim tysdag fordi dei ikkje vil gå frå timane i toppidrett fotball. Vi på Sygna er veldig takksame for at så mange ungdomsskuleelevar vel å besøke oss og ønskjer alle velkomne tilbake i haust når det blir hospitering for 10. klassingane.
FKH