Ledig stilling som skulesekretær

Sygna vidaregåande skule er ein kristen, vidaregåande internatskule i Balestrand – Sogndal kommune i Sogn. Skulen er godkjent etter friskolelova. I dag har skulen omlag 50 tilsette og 175 elevar. 120 av elevane bur i skulen sine internat. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og byggjer si verksemd på kristen tru.

Vi søkjer no:

Skulesekretær 70 - 80% fast stilling

frå 01.02 2021 - eller snarast etter denne dato
 

Arbeidsoppgåver vil m.a vere:

  • ansvar for sentralbord, postmottak og kasse

  • registrering av lærebøker og innkjøp av  kontorrekvisita

  • elevinntak, arkivarbeid og andre sekretæroppgåver

Skulesekretær deltek i det sosialpedagogiske arbeidet ved skulen, m.a tilsynsordninga.

Vi søkjer deg som er strukturert, og har god evne til omstilling og læring. Du har godt humør, er glad i menneske, jobbar godt både sjølvstending og i samarbeid med andre. Det er ein fordel med erfaring frå liknande stilling.

Den som vert tilsett må kunne arbeide i tråd med skulen si kristne målsetjing.  Søkjar må kunne gje opplysningar om dette, jf. AML§§13-3 og 13-4. Den som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest, jf. friskulelova § 4-3

Vi kan tilby ein skule med

  • ei flott, variert og ressurssterk elevgruppe

  • eit motivert personale med variert kompetanse, arbeidserfaring og alderssamansetjing

  • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø

  • mål om å vere i framkant pedagogisk, sosialt og i det kristne arbeidet

  • godt samarbeid med Sogndal kommune, fylkeskommunen og dei andre NLMvgs-skulane

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver

Lønn etter avtale

For meir informasjon: Kontakt administrasjonsleiar Anne Margrethe Kråvik  tlf. 40443864 eller rektor, Frode Bøthun, tlf 57 69 45 00.

  

Søknadsfrist 05.01.2021

Forrige
Forrige

Bli Sygna-elev du og

Neste
Neste

42 000 meter på under et kvarter