Informasjon om elevundersøkinga

I veke 43 (25. - 29. oktober) gjennomfører vi elevundersøkinga på Sygna.

Elevundersøkinga gir deg høve til å seie kva du meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukt av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på nettsida skoleporten.udir.no

Her kan du lese meir om elevundersøkelsen (elev)

Her er informasjon til foreldre om elevundersøkelsen

Forrige
Forrige

Idiot-Turnering

Neste
Neste

"Det er kult å synge!"