KDA i gang med stort kunstprosjekt

Elevane i 2KDA og 3KDA er i gang med eit kjempeprosjekt: Veggmaleri på Balholm sin kunstvegg.

Produsenten av verdas beste eplesaft, Balholm, utvida produksjonslokala sine for eit par år sidan. Ut mot vegen laga dei ein kunstvegg berekna på kunstnarar med ein god idè og masse pågangsmot. Dette passa jo perfekt for elevane i 2KDA og 3KDA - og læraren deira, Giuseppe. No er dei i gang med eit kjempeprosjekt på veggen. Knut i 2KDA har stått for skissa - no er den komen på veggen og dagane framover skal brukast til å gi skissa fargar. Bildet er allerede flott - vi ventar spent på det endelege resultatet.

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
Forrige
Forrige

1HO i punktpraksis

Neste
Neste

Multi-turnering