KDA med utstilling i Balestrand

Elevane som går Kunst, design og arkitektur stiller for tida ut nokre av arbeida sine på Galleri Holmen i Balestrand. Der kan publikum få innblikk i nokre av dei kjempeflotte verka elevane har arbeidd med dette skuleåret. Utstillinga opna 1. mai og er open laurdagar og søndagar kl. 16.00 - 18.00.

1KDA har arbeidd med store kolteikningar, medan 2KDA og 3KDA har fått undervisning i impresjonismen og nokre har laga måleri ut frå dette. Andre har laga ulike verk ut frå meir frie teknikkar, m.a. ved gjenbruk av gamle materiale.

Med denne utstillinga har elevane og lært mykje om presentasjon av kunstverk - og ikkje minst om logistikk i samband med slike utstillingar.

Opningsdagen var det masse folk og stor stemning i galleriet - med både opningstale, musikk og mange interesserte og imponerte skuelystne.

Forrige
Forrige

Sommerkveld på Kvamsøy

Neste
Neste

Møteuke med Magni!