Klare for haustferie!
Då var hausten komen til Balestrand, ca 20% av skuleåret er vel gjennomført og elevane har begynt å legge planar for haustferieveka. Sjekk ut kva desse fem har tenkt å gjere.
Sara, vg3: Eg skal i gullbryllaup til farmor og farfar, dei har vore gifte i femti år! Dei bur i Sogndalsdalen, men skal ha feiringa i Fjærland.
Dennis, vg1: Eg reiser på ferie til søstera mi i Sarpsborg. Eg gler meg til å møte igjen dei eg er onkel til der
Robel, vg1: Eg skal heim til Kvammen/Askvoll og feire søstera mi, ho skal konfirmere seg. I tillegg skal eg jobbe på kafeen til broren min og øve til kristendomsprøven som me har etter haustferien.
Qusey, vg1: Eg skal heim til Sogndal og vere ilag med familie og venner. Eg gler meg til å spele fotball med lillebroren min.
Tilda, vg2: Eg skal reise heim til Kristiansand. Vi skal i konfirmasjon til søskenbarnet mitt og i tillegg skal eg ete kvalbiff ilag med besteforeldra mine. Det gler eg meg kjempemykje til.