Klar for jobbintervju?

Etter tre år i vidaregåande skule er elevane fulle av kunnskap, erfaringar og draumar for framtida. Men korleis skal dei nytte kunnskapane og realisere draumane sine?

I dei siste norsktimane denne våren fekk 3ST/KDA teste ut korleis det er å kome til jobbintervju. Først valde dei ein jobb dei ville søke på, så arbeidde dei individuelt med spørsmål, før dei møtte medelevar til jobbintervju. På omgang fortalde dei litt om seg sjølv og svarde på spørsmål som: Kva erfaringar, kunnskapar og/eller eigenskapar har du som gjer deg eigna til denne jobben? Kva gir deg energi på jobb, og kva gjer deg sint? Kva er eit godt arbeidsmiljø for deg? Kva oppgåver er du mest komfortabel med, og kva er du minst komfortabel med? Har du nokre forventingar til kva du vil oppnå, og kva du ønsker å lære i den nye jobben?

Elevane kom fort inn i rollene både som jobbsøkarar og arbeidsgivarar, så dette lovar godt for framtida.

Tekst/bilde: Magni

Forrige
Forrige

Kveldstur til 1259 meter over havet

Neste
Neste

Siste geografitime for 1ST