Livleg fredagsaktivitet
Ingen grunn til å kjede seg fredag ettermiddag. Då kan du nemleg vere med denne herlege gjengen på KRIK-samling i Belehalli. Denne fredagen var det ullsokk-fotball, noko som gav ekstra glid til spelarane og som utjamna skilnadane mellom fotballekspertar og fritidsmosjonistar. Her er det nemleg fokus på aktivitet og moro, ikkje kven som er best :-) Velkommen på fredag kl.16.30!