Mann for sin bart

BART MED MEINING: Helge Eilifsen og Jonas Hoffmann har dyrka fram kvar sin bart. Veksttilhøva er ulike, men begge bartane fører pengar inn til misjonsprosjektet.

– Det er 30 år sidan sist eg hadde bart, seier Helge Eilifsen.

November er bartetid verda over. Også på Sygna har det vore fritt fram på overleppa til fleire mannfolk no denne månaden. Slikt blir det pengar av.

Til ei god sak

Vekstforholda i området mellom overleppa og nasen er ulik frå person til person. Fleire må slite lenge før dunet skiftar karakter, medan for andre er det null problem å dyrke fram ein bart av ein viss standard.

Det er altså ein mannsalder sidan sist Helge Eilifsen kledde overleppa med ein bart. I løpet av 27 dagar har læraren på Sygna fått fram ein bart som det står respekt av.

Bakgrunnen for at Helge og co. no har parkert høvelen i snart ein månad, er fordi det gir klingane mynt i ein kasse som betyr noko. Sygna-russen er nemleg i det kreative hjørnet for å få inn pengar til misjonsprosjektet. Les meir om prosjektet her:

Snudde om

Russen serverte følgjande plan før vi suste inn i november: Folk kan by pengar på ein person som dei vil skal få bart. Dersom personen fullfører må dei betale for moroa.

– Det var mange som ønskte at Helge fekk seg bart, seier Jonas Hoffmann, ein av initiativtakarane bak stuntet.

– Då eg høyrde om idèen første gongen, var eg fast bestemt på at dette ville eg ikkje vere med på, seier Helge Eilifsen, som kom i andre tankar då fleire ønskte at han vart med.

– Pengane går til ei god sak, og eg forstod etterkvart at det kunne bli eit godt bidrag om eg fekk bart, seier læraren.

Tusenvis

– Det er ti personar her på Sygna som har fått fram bart i november, og det gjev kring 8.000 kroner til misjonsprosjektet. Det er vi nøgde med, seier Hoffmann, og kjem med følgjande opplysningar:

– Måndag blir det fotografering av alle med bart, og fredag neste veke vert det premiering.

Litt historikk

For dei som ikkje har fått nok av bart, her er litt meir informasjon: Ordet bart, kjem frå tysk og stammar frå det norrøne ordet barð. Medan bart berre omtalar sjølve hårveksten på overleppa, vert mustasje nytta om ein bart som er forma eller stelt gjennom frisering, voksing og likande. Ordet mustasje har slått rot i det norske språket, men kjem opphavleg frå fransk og italiensk. Kjende berarar av bart opp gjennom historia er: Albert Einstein(tysk fysikar), Edvard Grieg(norsk komponist), Josef Stalin(sovjetisk politikar), Freddie Mercury(britisk rockemusikar) og Charles Bronson(amerikansk skodespelar).

Forrige
Forrige

Det nærmer seg julekonsert...

Neste
Neste

Besøk fra idrettskretsen