Me har det kjekt trass raudt nivå
Laurdag hadde me sporløp på Sygna. Elevane vart delt inn i små grupper og gikk mellom ulike postar i Balestrand. Sporløpet krevde presisjon, god lagånd, kunnskapar om nærmiljøet og skulen samt vinnarvilje. Det var ikkje mange poeng som skilde dei tre laga på pallen, men Sigrid, Malin og Synne fekk høgste poengsummen og stakk difor av med premien. Gratulerar!