Mesternes mester Sygna edition

Laurdag kveld var det rigga og klart for Mesternes mester på fotballbana til Sygna. 13 deltakarar skulle i løpet av kvelden komme seg gjennom ulike øvelsar individuelt, i par og i større lag. Vinnarvilje, konkurranseinstinkt, lagånd, fokus og effektivitet var viktige eigenskapar i kveldens konkurransar. Etter intense timar med ulike øvelsar, stod me att med tre verdige finalistar. Dei skulle hoppe 100 hopp på stepkasse, sitte 5 min i 90grader, 5 min med jerngrep, bygge høgast steintårn på kortast tid og avslutte med ein seiersrunde rundt fotballbana. Me gratulerer Martin Skjerdal som fekk tittelen dette året!

Forrige
Forrige

Misjonsløp 2021

Neste
Neste

Hvorfor sa ingen det?