Miljømedvit i 2BU
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag har den siste tida jobba med kompetansemålet "Eleven skal reflektere over hva det innebærer å ta miljøbevisste valg i yrkesutøvelsen".
Vi hadde gode samtalar om korleis dei som barne- og ungdomsarbeidarar kan ta miljømedvitne val og vere gode rollemodellar for barn og ungdom.
Fleire av elevene poengterte at det er viktig å gjere miljøtanken motiverande, for eksempel med konkurransar og andre oppgåver. Elevane gjennomførte så ei oppgåve der dei skulle gå ut og plukke ting som ikkje høyrer heime i naturen, ta det med inn og lage eit kunstverk av det dei fann.