Misjonstivoli i Holmen
Laurdag sørga russen for at kaien i Balestrand var full av liv og røre. Dei arrangerte tivoli til inntekt for misjonsprosjektet sitt. Små og store kunne kjøpe kaker, popcorn og sukkerspinn, kaste på boks, kaste med ring, få ansiktsmaling og hårfletting og kaste våte svampar og krem på personalet… Eit flott arrangement av ein russ vi er stolte av på Sygna.