Møt dei nye tilsette

Vi er kjempeglade for årets “nysigneringar” i personalet.

Velkommen til Anne Aune Neerland, Mona Troland, Solveig Birkeland, Per Skjæveland og Martin Skjerdal.

Anne Aune Neerland er ny idrettslærar. Anne har vorer elev på Sygna og arbeidd som idrettsassistent tidlegare. No kjem ho tilbake som lærar.

Mona Troland er ny miljøarbeidar. Ho har vore elev på Sygna og kjem tilbake som miljøarbeidar etter eit år på bibelskule.

Solveig Birkeland er ny miljøarbeidar og internatmedarbeidar. Ho har vore elev på Sygna og kjem tilbake til Sygna etter eit år på bibelskule.

Per Skjæveland er ny idrettslærar. Han er også godt kjent på Sygna frå tidlegare, då han har jobba her eit år som idrettsassistent.

Martin Skjerdal er ny miljøarbeidar og idrettsassistent. Han har vore elev på Sygna og kjem tilbake etter eit år på bibelskule og eit år i militæret.

Vi kjenner oss trygge på at desse fem kjem til å gjere ein kjempejobb for elevane våre og ønskjer dei hjarteleg velkomne.

Forrige
Forrige

Velkommen til skulestart

Neste
Neste

Farvel til ein flott flokk