Musikk som kommunikasjon

I kommunikasjonsfaget på barne- og ungdomsarbeidarlinja har vi i år valt å bruke to veketimer på musikk. Musikk er eit godt hjelpemiddel når det gjeld å kommunisere med andre menneske. I haust hadde elevane individuelle pianotimar. I dette semesteret prøver vi oss på gitar. Elevane har kvar sin gitar på rommet, som dei kan øve på, og så møtest vi ein dag i veka for å spele og synge saman. Det er kjekt med ei elevgruppe som vil lære, og som ivrig går inn for å bli gode piano- og gitarspelarar. Og så trur vi på at det blir noko dei kan ha glede av og spreie glede med i framtida.

Forrige
Forrige

Russerevy med mange sprell

Neste
Neste

God start på dagen