NM-kvalifisering i volleyball

MVGS Sogn og Fjordane vart måndag 22.nov arrangert i Balestrand. Turneringa var eit samarbeid mellom Sygna VGS og NVBF. 3.klasse idrett var gjennom faget treningsleiing med som medarrangørar og gjorde ein solid god jobb både i planlegging og gjennomføring av sjølve dagen. Elevane i 3ID stod for kiosksalet og overskotet av kiosken går til russens misjonsprosjekt i Etiopia. Fantastisk bra.

Sygna stilte med to lag i turneringa. Begge to deltok i mix-klassen. Spelarane på laga var for det meste fornøgde med prestasjonane. Sygna Raudmelen klarte nesten å kvalifisere seg til semifinale, men i staden for vart det plasseringskamp om 5.plassen. Ein kamp som laget vann. I tillegg til å spele fleire kampar, kvar kamp med to eller tre sett, fekk spelarane prøve seg som dommarar og poengtellarar. I sum ein dag med mykje aktivitet, god læring og godt samarbeid.

Det var godt stemning og mykje jubel i hallen heile dagen. Under jente- og gutefinalane var det særleg god stemning og mykje jubel. Hafstad vgs og Sunnfjord fhs kjempa om tittelen i begge finalane. Hafstad vgs vann til slutt begge klassane.

Her er vinnarane av dei ulike finalane:

Gutefinalen: Hafstad vgs - Sunnfjord fhs, 2-0 (26-24 og 25-21)

Jentefinalen: Hafstad vgs - Sunnfjord fhs, 2-1 (25-20, 13-25 og 15-10)
Mix-finalen: Sunnfjord fhs - Firda 1: 2-0 (25-19 og 25-15)

Forrige
Forrige

Oline og Hanne Louise står på for Etiopia

Neste
Neste

Tur til Stadt med 3ID